Dette innlegget står på trykk i BT i dag, den 4. desember 2012:
HORDALAND TEATER TIL
SENTRUM
Birthe Eriksen
Styreleiar i Hordaland
teater
Etter ein
lang politisk prosess fekk Hordaland teater ei brei tverrpolitisk støtte for å
flytte til Bergen sentrum. Det politiske miljø såg at ei slik flytting er heilt
avgjerande for å sikre teateret si framtid. Det gjeld både i høve til publikum,
økonomi og som attraktiv arbeidsplass for instruktørar, skodespelarar og andre.
Det har vore
mykje att og fram i spørsmålet om KOR teateret skal flytte til. Kultur Vest har
fått økonomisk støtte til å utgreie alternative stader for teateret i sentrum. Kultur
Vest sitt potensial- og legitimitet som ei felles stemme og koordinator for
kulturarbeid i Bergen vil no bli satt på ei viktig og spanande prøve.
Kultur Vest
har ikkje blitt pålagt nokon avgrensningar i sitt arbeid med utgreiinga. I det
politiske miljøet og i media elles, har Tanks Skule vore diskutert som ei
moglegheit. Det var derfor naturleg at Tanks Skule hadde vore utgreidd som eitt
av fleire alternativ i den prosessen. At fylkeskommunen har vedteke å leggje
skulen ut for sal, må ein no diverre forhalde seg til- om ikkje det er mogleg å
skaffe ei finansiering slik at teateret sjøl kan kjøpe eigedomen.
Hordaland
Fylkeskommune har forplikta seg til å vere ein aktiv deltakar i prosessen med å
flytte teateret. Fylket har stilt til disposisjon både pengar og
pesonellressursar for strategigruppa som skal leie arbeidet med utgreiinga. I
ulike samanhengar har også Bergen Kommune uttalt seg med positiv støtte til
både flyttinga og til teateret si framtid i Bergen Sentrum. Historisk har ikkje
Bergen Kommune hatt noko eierskap til teateret og dermed heller ikkje plikter.
Om Hordaland
Teater skal klare å realisere sitt potensial som ein viktig nynorsk scene på
vestlandet som kan hende på sikt kan bli noke meir enn eit teater, så er det likevel
slik at Hordaland Fylkeskommune og Bergen Kommune no må tale saman. Framleis
har vi ei moglegheit til å knytte til oss ein storhet som Jon Fosse som aktørar
i andre byar konkurrar om. Etter nyleg å ha møtt forfattaren, er eg overtydd om
kor hans hjarte ligg. Avgjerande er likevel kva for ei satsning vi kan by i
bytte mot namnet hans.
Tida er komen
for å vise at god vilje for teateret ikkje er det einaste ein kan by på.
Teateret treng at politikarar og byråkratar i begge organ set seg saman og bli
einige om kva for moglegheitar som eksisterar. Det er mykje rørsle i fleire av
byen sine kulturinstitusjonar. Fleire treng nye eller fleire lokaler. No er det
på høg tid å sjå dei ulike institusjonane sine behov i samanheng for å sjå
korleis desse kan kombinerast på ei effektiv og økonomisk besparande måte, til
glede for kulturinstitusjonane sjølv, men ikkje minst for publikum. På mange
område må institusjonane kunne samarbeide og sjå på samlokalisering. Det vere
seg innafor både tekniske og administrative funksjonar. Lager, prøvescenar,
verkstader, IKT, lønn/personal, marknadsføring, vakt/billsal m.m. kan vere
område som vil gje store innsparingar, og ein vil få meir kultur for kvar
krone.
Dei fleste
nynorsk institusjonane er plasserte i Oslo. Bergen som på mange måtar vert
rekna som ”Vestlandets hovudstad”, har vel knapt ein einaste institusjon som
kan knytast opp mot det nynorske. Det å få Hordaland Teater lokalisert sentralt
i sentrum og på same tid få Jon Fosse sitt navn knytt opp mot teatret, vil vere
eit kraftig løft for teatret og for Bergen som kulturby. Og ikkje minst; Bergen vil få ein institusjon i bykjerna med
både ein nasjonal og ein internasjonal dimensjon over seg.
Fylkes/bypolitikarar
og alle som brenn for Bergen som ein levande kulturby må kjenne si besøkstid.
Me har eit alle tiders høve no, medan Jon Fosse brenn for desse planane i
Bergen.
1 kommentar:
Dette er jo helt utrolig bra, så heldige dere er som har et fylke som jobber med dere. :-)
Legg inn en kommentar